Detaljert informasjon fra Jæren Friluftsråd:
Jærstrendene er det mest populære utfartsmålet på Jæren. Folk i alle aldrar trekker til strendene for rekreasjon og avslapping. Sjølv om badetemperaturen ikkje alltid er så forlokkande er det likevel mange som likar å bada i havet. Dette kan dessverre også utgjera ein stor fare. Straumar i vatnet kan føra til drukningar eller nestendrukningar, noko me ønsker å arbeida med å forhindra. Me ønsker å gjennomføra Trygg i havet – og gje kunnskap om korleis ein kan lesa bølgjene og straumane og vera obs på dette før ein går uti vatnet. Kurset startar med ein innandørs teoridel. Etterpå er deltakarane svært aktive i læringa. Då tek me på våtdrakter og badar med rettleiing frå instruktørar. Me ønsker også å gje kunnskap om det fantastiske havet, om livet i havet og at dette livet også er skjørt og trua av menneskeleg aktivitet. Me tek med miljøaspektet i undervisninga og styrker element i undervisninga som tek føre seg det miljøbevisste menneske som kan bruka havet og naturen på Jæren på ein bærekraftig måte.
På Ølberg har me i 2025 overtatt Ølbergtunet og kan bruka dette lokalet til undervisning og lagring av drakter og nytta Ølbergstranda og eventuelt Hellestøstranda til den praktiske delen av kurset. Me har eit godt samarbeid med Delfinen svømmeskole som kan stilla med kvalifiserte instruktørar. Personal frå Jæren Friluftsråd deltek i prosjektgjennomføringa som aktivitetsvertar og er med på gjennomføringa av kurset, samt for- og etterarbeid